Book of Mormon (DKS)

15
okt.
Fra kl: 12:00  - 14:45
Det norske teatret
Legg til i kalender

 for Vg3-elevene

 

Dette er ein overraskande og satirisk musikal om religion, som har sprengt alle grenser for kva ein kan tulle med – og komme unna med. Men så er det ikkje kven som helst som har signert verket. Trey Parker og Matt Stone har i årevis utfordra alle religionar, ideologiar og tankesett gjennom serien og filmen South Park. 

Mange har hatt ein ung, velkledd og hyggeleg mormonar på døra. Men få har slept han inn. Det gjer vi. Med Vidar Magnussen som debutant i registolen følgjer vi to unge misjonærar på sitt fyrste utanlandsopphald. Dei blir sende til Uganda. Utfordringane er langt større enn dei kunne førestille seg. Der dei håpa å kunne spreie ordet om den viktige boka som vil gi deg eit betre og meir opplyst liv, møter dei eit lokalsamfunn som strir med aids, svolt, omskjering og lokale krigsherrar. Møtet blir mildt sagt ein kulturkrasj, men ein mormonar gir aldri opp. Og han trur – også på det mest usannsynlege.

Meir informasjon om produksjonen

Arrangør

Akershus fylkeskommune, kulturseksjonen, DKS-enheten

Kontakt

Ida Hasund

22 05 54 37 / 404 92 913